Sorte ormen

 

Dans: Sorte ormen, songleik.

Dansarane på filmen er frå Barnelaget i Oslo.

Om dansen: Sorte ormen er ein songleik som handlar om ein svart orm som har mista halen sin.

Songleiken er slik:

  1. Ein person går ut frå rommet. Dette er den sorte ormen utan hale. 

  2. Dei som står att i rommet vel ein person som skal vera hale.  

  3. Sorte ormen kjem inn i ringen. Me byrjar å springa i ringen, medan den sorte ormen spring andre vegen. Alle syng: “Dette er sorte ormens dans og eg har mista min hale”, dette syng me to gonger.

  4. Den sorte ormen stiller seg opp ovanfor ein person i ringen og spør så: “Å har du sett, å har du sett, ein liten halestump og den er min?”  

  5. Men dette var ikkje halen til ormen. Då må personen krabbe under og legga hendene på skuldrene til ormen. Me fortset leitinga.  

  6. Slik fortset me heilt til ormen finn halen sin. Når ormen finn halen sin, må alle krabbe under beina til ormen.  

  7. No har ormen fått ein kjempelang hale. Hurra! Me syng: “Dette er sorte ormens dans og eg har funne min hale. Dette er sorte ormens dans og eg har funne min hale”.

  8. Leiken er ferdig

Her kan du laste ned nota til Sorte ormen (trykk på namnet for å laste ned):

Teksten er slik:
”Dette er sorte ormens dans og jeg har mistet min hale.
Dette er sorte ormens dans og jeg har mistet min hale.
Å har du sett, å har du sett, en liten halestump og den er min.
Nei/ja.
Na-na-na-na, na-na-na-na, (forts.).
Dette er sorte ormens dans og jeg har funnet min hale.
Dette er sorte ormens dans og jeg har funnet min hale”.



Regi: Halldis Folkedal 
Foto: Jørn Nyseth Ranum 
B-foto: Lukasz Zamaro 
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard
Dansepedagog: Sunniva Sofie Christensen
Musikkansvarleg: Akershus og Østfold musikkråd
Filmstad: Linderud gård

Filmen er støtta av: LNU - Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner og BLS - Bygdelagssamskipnaden i Oslo. Prosjektet er eit samarbeid med Småleik (www.småleik.no).