Folkedans for og med barn og unge

Folkepedia er samansett av «folke» som viser til folkedans/folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. Dette er eit førprosjekt for og med barn og unge der Noregs Ungdomslag lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans.

 

 .

folkepedia_moldeweb.jpg

Vil ikkje du

Du kjenner kanskje til den svenske songdansen Kulldansen? Her kjem ein dialekversjon frå Romsdalen.
 

folkepedia_molde16web.jpg

Barnereinlender

Dette er ei fin øving for reinlendertakt. Her får du tips om mange ulike motiv som kan settast saman. Øvinga kan gjerast på linje, i ring eller i ein hoppbakke i Molde.

folkepedia_molde3web.jpg

Krabbelur

Du kan sjeldan vere så lur som ein krabbelur. Særleg dei frå Fræna i Romsdalen har rykte på seg for å utmerke seg. Krabbelur er elles ein firkanta dans med masse snurring. 

Lille and_folkepedia

LILLE AND 

Ein songleik med anderørsler. Du kan synge den både sakte som ein brunost ... og mega mega fort! 
 

folkepedia_bonde.jpg

Ein bonde i vår by

Ein songleik der vi går i ring medan bonden i midten tek ei kone som så tek eit barn som så tek ein hund som så tek ei katt som tek ei mus og som så tek ein ost. 

nordlandspols + stivheks

I denne filmen får me sjå ungdomar frå Bodø dansa Nordlandspols og visa oss tre motiv frå polsen som kan brukast i stiv heks. I tillegg lovar me nydeleg natur og junisol. 

HALLINGTERNING

Hallingterning er ein leiken måte å læra seg motiv eller rørsler i ein dans på. I denne filmen har me valt ut 6 rørsler henta frå halling. 
 

skotsk ril (rekkeril)

Denne rilen har mange namn. Nokon kallar den skotsk ril, andre Virginia ril eller bananskrellaren. Uansett, artig er den!

L1003027.jpg

parhalling

Mange har nok høyrt om dansen halling, men visste du at du óg kan dansa halling to og to? Dette kallar me for parhalling, ein dans som liknar på dansar som gangar og bonde. Fellestrekket med desse dansane er at du kan gå-dansa dei sidan musikken er i totakt og at det finst ein del like motiv.

SPRINGAR FRÅ NORDRE SUNNMØRE

Springar høyrer til den eldste dansefamilien her i landet, bygdedansen. I same familie finn du td. halling, pols, gangar og parhalling. 

den gjerrige mannen (song)

Ein song om ein veldig gjerrig mann.

 

RØRSLELOTTO

Lotto er det spelet der det er om å gjera å få to like av noko. Her gjer me det same med rørsler henta frå halling. Du kan sjølvsagt velja rørsler frå andre dansar om du vil. Ei fin øving for å laga, repetera og kjenna att rørsler. 
 

DET STÅR EIN FRIAR UTI GARDEN

Det står ein friar uti garden er ein songdans

Her kan du dela ringen inn i 1-arar og 2-arar, eller etter kjønn om ein føretrekk det. På verset går dansarane i ring, medan ein på refrenget byter plass 4 gonger. Ein kan gjera det slik at 1-arane byter plass fyrst osb. På siste refrenget går dansarane inn mot midten i stadenfor å byta plass.

 

















 

folkepedia_molde11web.jpg

Tremannsril Aure

Dette er ein tretur i reinlendertakt.  Rilen har tre ulike motiv, så her er det berre å spring spring gå spring spring gå hopp hopp hopp hopp.

folkepedia_molde18_web.jpg

Kila kila bukk

Ein songdans med geitelokk. Så ikkje bli overraska over om Rosa, Dokka, Nykla, Sokka, Storspenna, Spjantil, Fager leik dukkar opp på øving.

folkepedia_molde6web.jpg

Tyven tyven

"Tyven" skal prøve å finne seg ein ny ven, og stjel seg difor  ein. Og alt dette medan du sto og sov, eller kvilte du kanskje berre?

folkepedia_reinlender5.jpg

SUNNMØRSREINLENDER

Treng du oppfrisking av hoppsteg i reinlender? Denne filmen viser Sunnmørsreinlender og går igjennom både dei som går rett fram, og dei med rundsnu.

folkepedia_smett.jpg

Herr smett

Ein songleik om Herr Smett som har forlova seg. Med kva seier songen dessverre ikkje noko om. Kan dansas i ring, eller to og to.

per sjuspring (songleik)

Per sjuspring er ein songleik. Her viser me korleis du kan bruka den i klasserommet!

 

STREKKBUKSEPOLKA

Her kjem ein polka som du kan strekkja deg etter! Denne dansen er kjend under mange namn, av dei mest vanlege er nok strekkbuksepolka, lettisk polka (lettispolka) eller berre polka! .  

valsestolleiken

Dette er ein variant av den kanskje meir kjende musestolleiken. Her brukar me valserytmen som utgangspunkt for stolleik. 

DOBBEL REINLENDER

Reinlender er ein velkjend dans for mange. I dobbel reinlender dansar me fire og fire saman, det går óg an å dansa tre og tre. Dette er ein fin måte å dansa reinlender på i starten sidan ei slepp å dansa rundsnu rundt.

 

tannfeens hevn (song)

Her kjem ein song om tenner, tannfeen og pengar!

 

har vel du sett (SONGLEIK)

Har du høyrt om ein syklande, elegant elefant?Om du ikkje har det så passar det bra med denne songleiken!
 

Pirresnutt Folkepedia

Pirresnutt er det norske ordet for teaser.  Her er pirresnutten for Folkepedia! 
 

 

folkepedia_molde17web.jpg

Katta rodd

Veit du om attersteg? Det er to steg til venstre, og eit til høgre. Og hugs å bøye knea. Her lærer du òg om kva den femte foten til katta er.

folkepedia_molde4web.jpg

Pisi og fuglen

Songdansen om ei slu (eller kanskje snill?) katt som tilbyr fuglen å varme nebbet sitt. Her lærer du og om brigde, og kva det gjer med dansen. 

folkepedia_elefant.jpg

Ein elefant kom marsjerande

Så klart ein må vere fleire når ein marsjerer på edderkoppen sitt fine spinn! Særleg når vegen er så sjarmerande.

folkepedia_reinlender.jpg

Storbytar (bytereinlender)

I dette døme på ein bytereinlender byter du partnar kvar gong du dansar framover. Eit tips er å sjå filmen med Sunnmørsreinlender først. 

stjernepolka

I denne forenkla utgåva av stjernepolkaen går me på rekkjer, dansar fritt med galoppsteg og leikar ninja!
 

TRETUR FRÅ HORNINDAL

Denne dansen er fin når ein skal læra seg å gå i åttetal! I tillegg er dansen enkel i forma noko som gjer den lett tilgjengeleg for dei fleste.
 

valsesisten

Her får du oppfylt draumen din om å vera både elefant og sommarfugl i valsesisten!

 

HALLINGMOTIV

Halling, eller laus, er ein av dei mest kjende tradisjonsdansane i landet. I denne filmen viser dansarar frå Oslo nokre motiv som ein kan gjera i halling. 

Du e henta (koreografi)

Du e henta er ein koreografi som passar til ulike målgrupper laga med inspirasjon frå ulike dansar. Musikken og koreografinamnet har me lånt frå Hekla Stålstrenga

 

L1003400.JPG

RIL

Noreg har mange riltradisjonar. I denne filmen viser me grunnform i ril, måtar du kan improvisera i ril på og korleis du kan læra deg å gå i kjede. 

IRSK POLKA

Irsk polka er ein dans i sirkel. Om du ikkje har dansa som ein vindaugsviskar med kompisen din endå så får du sjansen i denne dansen!

Gilleråsen

Gilleråsen er ein dans frå Gjemnes på Nordmøre.  Når du dansar den så ser det ut som ei bølgje!