Om Folkepedia

Under filming på Aspåsen skole i Bodø. Foto: Anne-Marte Før/Lukkeleik

Under filming på Aspåsen skole i Bodø. Foto: Anne-Marte Før/Lukkeleik

 
 

Formidling av folkedans for og med barn og unge

Sidan 2016 har Folkepedia produsert danseopplæringsfilmar innan folkedans med barn og ungdom frå heile landet. Kring 100 dansefilmar ligg gratis tilgjengelig på denne sida, og fleire skal det bli.

Det er den frivillige organisasjonen Noregs Ungdomslag (NU) som står bak Folkepedia og som driftar og eig prosjektet. NU har lange tradisjonar med å laga undervisingsmateriale med folkedans gjennom bøker, filmar og instruksjonshefte og har no teke skrittet vidare med å formidle meir opplæringsmateriell via denne digitale ressursen.

Folkepedia er samansett av «folke» som viser til folkedans/folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. Dette er eit prosjekt for og med barn og ungdom.

Det langsiktige målet er å filme alle folkedansane vi har i Noreg slik at alle lærarar, skular, instruktørar, danselag, kulturskular og andre interesserte kan ta i bruk filmane og vidareføre dansane. Folkepedia skal vere ein nasjonal nettressurs for folkemusikk og folkedans som er tilgjengelige for alle å bruke. På sikt kan det også vera aktuelt å samarbeide med fleire større aktørar på feltet for å lage den store nettressursen vi ynskjer oss-

Folkepedia er eit verktøy med mål om å formidle, vidareføre og ta vare på den immaterielle kulturarven vår der vi ynskjer at så mange som mogleg skal ta i bruk filmane. Filmane er tilgjengelige for alle å bruke, men vi ynskjer særleg å nå ut til desse målgruppene:

  • du som har lyst til å danse folkedans

  • du som har lyst til å læra meir om folkedans

  • du som allereie dansar folkedans

  • du som underviser folkedans

  • du som er lærar eller lærarstudent

Prosjekteigar og - ansvarleg: Noregs Ungdomslag
Kurator: Halldis Folkedal
Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum
B-fotografar: Lukasz Zamaro og Nils Eilif Bremdal
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai C. Stigar
Prosjektgruppe: Anna Gjendem, Vegar Vårdal, Anette Figenschou og Trine Sjølyst

Filmane i forprosjektet er blant anna spelt inn i Oslo med Norsk Folkemuseums dansegruppe og BULder og Brak, i Bodø med elevar frå Aspåsen skole og BUL Bodø, og Hellesylt/Bjørke med dansarar frå Hellesylt Ungdomslag og Sykkylven Ungdomslag.

Forprosjektet er støtta av Landsrådet for Noregs barne-og ungdomsorganisasjonar  (LNU). 

Denne pirresnutten vart laga til forprosjektet til Folkepedia.

LEITAR DU ETTER MUSIKKEN?

Du finn den på Tidal og Spotify  
Folkepedia har òg ein eigen brukar på Spotify. Der finn du lister med alternativ musikk til dei ulike dansane. Lenke til Folkepedia på Spotify


Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896, og er ein kulturorganisasjon med omlag 14.000 medlemmer i nær 350 lokallag over heile landet. Føremålet til organisasjonen er å skapa engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar. Det er Noregs Ungdomslag som eig og driftar Folkepedia.


Ta kontakt

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål, attendemeldingar, ynskjer å samarbeide om nye filminnspelingar eller om du berre er nyfiken: folkepedia@ungdomslag.no eller 24 14 11 10.


Følg oss

Følg oss gjerne i sosiale medier på Facebooksida “Folkepedia” www.facebook.com/folkepedia.