Namn på dansen: Springdans frå Nordsinni
Dansefamilie:
Bygdedans, springdans
Område:
Nordre Land i Innlandet fylke
Musikk:
Springdans etter Omas Sandbæck, nedteikna av Gunnar Berge
Musikar:
Vegar Vårdal (fele)
Kjelde:
Opptak av Randi og Odd Øversveen som dansar på Jørn Hilme-stemnet 1985. Fotograf: Alix Cordray.
Dansarane:
Hanne og Synne Kjøk frå Landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule

Om dansen: Dansen kjem frå eit dalføre i Nordre Land. Dansen er relativt enkel i form, med jamn tretakt og byttomfot som grunnsteg. Byttomfotsteget vart ofte dansa slik at bakre fot ikkje passerer fremre fot på andre taktslag, men dette kan gjere det utfordrande å få framdrift i dansen. Det er mykje likt for førar og følgjar i dansen, der begge først har ein tur under armen, deretter ein pannekaketur, før samdans. Ein brukar samdanstak 1 og har først ei sakte vending motsols før ein dansar medsols anten sakte eller raskt.

Regi og pedagog: Vegar Vårdal
Foto og klipp:
Jørn Nyseth Ranum 
Produsent:
Noregs Ungdomslag
Lokale:
Hunderfossen eventyrpark (Fåberg) 
Innspelt:
16. mai 2023 
Samarbeidspartnar:
Vinstra vidaregåande skole v/ Landslina for folkemusikk

Filmen er støtta av Innlandet fylkeskommune og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff).

Her kan du sjå video av berre dansen:

© Noregs Ungdomslag 2023