Firetur frå Romerike

 

Dans: Firetur frå Romerike
Musikk: Holmenvalsen

Dansarane på filmen er frå BULder og brak.
Musikarane er Svartskog spelemannslag.

Om dansen: Her får dere sjå korleis Firetur frå Nes på Romerike vert dansa i Oslo i dag, og det er vår tolking av Klara Semb si nedskrift. Om ein ikkje vil gjere så store rørsler i slutten av ringen er det kan hende meir i tradisjon etter Semb.

Om musikken: I staden for den kjente melodien til Firetur som Klara Semb skreiv ned etter Olea Ullerengen frå Nes på Romerike i Akershus, har me valgt å bruke ein fin men ikkje så kjent vals. Denne valsen vart spelt til dans på Østre Holmen gård i det som før heitte Vestre Aker, som no høyrer til Oslo. På Østre Holmen gård var det også ballsal, og eit eige familieorkester med fele, cello og piano. Det er Svartskog spelemannslag som spiller, og arrangementet er laget av Vegar Vårdal.  

Her kan du laste ned notar til Holmenvalsen (trykk på namnet for å laste ned):


Regi: Halldis Folkedal 
Foto: Jørn Nyseth Ranum 
B-foto: Lukasz Zamaro 
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard
Musikkansvarleg: Akershus og Østfold Musikkråd
Filmstad: Linderud gård

Filmen er støtta av: LNU - Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner og BLS - Bygdelagssamskipnaden i Oslo. Prosjektet er eit samarbeid med Småleik (www.småleik.no).

Kjelde: Gode, gamle norske folkedanser for fiolin nedtegnet av Pål Kluften og A. Andersen Wingar, (A/S Norsk Notestik & Forlag 1932), Norske Folkedansar III Slåttar av Klara Semb, (Noregs Boklag, Oslo 1982) og Samværsdansen i Christiania av Dag Vårdal, (Kultivator 2019).


Firetur frå Romerike i tulleversjon kan du sjå her:

Gjer merksam på at dette ikkje er i tradisjon frå nokon, men fri improvisasjon av både dansarar og musikarar.