Rakkelvisa - Lykjyln´fær fjøsa

 

I denne visa får du vere med inn i fjøset, der kalvar dansa og rompa slong, presten las og klokkaren song. Hei, for ein vakker fjøssong! Det passar bra å danse i fjøset på Nesset prestegard, der Bjørnstjerne Bjørnson vaks opp. 

Tekst:
Lykjyl´n fær fjøsa, kom att med jøsa
Kalva ei ku, grisa ei su
Kjea ei geit, bokkjen skeit
Presten las, klokkarn song
kalvan dæm dansa, rompa ho slong
Hei, for ein vakker fjøssong!

Eit par ordforklaringer: Lykjyl´n = nøkkel. Jøsa = lyset. Su = purke

Kjelde: Denne vart i si tida skrive opp av folkemusikksamlaren O.M. Sandvik etter Marit Holten på Nordmøre.

Musikk: Det finst ein versjon av “Rakkelvise” på Spotify som du kan høyre her. Der har dei byta ut det siste ordet “fjøssong” med “julsong”.

Dansarane er frå Eidsvåg barne- og ungdomsskole i Nesset kommune.

Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai S. Caspari
Lærar: Sigrid Skjølsvik
Dansepedagog: Anna Gjendem

Filmane er støtta av: Møre og Romsdal fylkeskommune, Møre og Romsdal folkemusikklag, Sunnmøre Frilynde Ungdomslag, Nordmøre og Romsdal Ungdomslag, Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og RFF - Rådet for folkemusikk og folkedans.