Det var ein gong ein liten gut

"Det var ein gong ein liten gut" handlar om ein liten gut som skal gjete sauer og som møter på ein rev. Kva trur de guten gjer mot reven?

Tekst:
Det var en gong en liten gut som skulde gjete saue
Sauen inn i tjukkarust, guten utpå haugen
So kom der en rev og vilde ha seg eit lamb
Då tok guten børsa si og skaut han midt i baken - PANG!

(Tjukkarust = tjukk skog)

Dette er ein song som Elin Grytting har fått fram i lyset. Ho har lært den frå Johanna Ormberg frå Sogn. 

Dansemåten har vore laga av fleire, både av Elin Grytting, Ingrid Søyland og seinare tilpassa  dansegruppa i Fjelli Ungdomslag. (Merk! Det er gitt opp feil kjelde på filmen)

Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Lukasz Zamaro
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard

Instruktørar i Fjelli Ungdomslag: Arne M. Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg