Sans for dans

Dersom ein leitar på nettet så finn ein få profesjonelle dansefilmar som har folkedans eller tradisjonsdans som utgangspunkt. Då Noregs Ungdomslag skulle køyra i gang talentprosjektet Sans for dans i 2014 så ville me gjera det ved å nettopp fokusera på dansefilm!
 
Koreografar i prosjektet var Halldis Folkedal og Sigurd Johan Heide. Musikalsk ansvarleg var Nina Fjeldet. 
 
Med på filmane er: Dina Bruun, Tone Ingvaldsen, Julie Barsøe Larsen,  Simon Hesselberg Løvald, Knut Bergan Nedregård, Sigrid Vaskinn, Raphael Audebert, Lina Rebekka Kobberstad og Ingeborg Hollekim Bringslid.