Springdans frå Akershus i tradisjon frå Ski

 

Dans: Springdans frå Akershus, i tradisjon frå Ski
Musikk: Springdans etter Ole Bjerke & springdans etter Axel Depuis.

Dansarane på filmen er frå BULder og brak som er tilknytt Leikarringen i BUL Oslo. Desse er: Jon Bugge Mariussen, Frederick Brevig Jacobsen, Neri Bakkjen og Herborg Oma.

Musikarane er Follofeler og Laura Marie Rueslåtten (klokkespel).

Om musikken: Follofeler er strykeelevar frå Follo der dei fleste er elevar frå kulturskulane i Ås og Ski. Dei spelar to springdanser. Den fyrste springdansen er etter Ole Bjerke fra Våler i Østfold, som skreiv den ned på noter i 1881. Den andre springdansen er etter felespelaren Axel Depuis, som er oppkalt etter sin franske farfar. Depuis arbeidde på Ås stasjon for 100 år sidan og spelte i orkesteret «Concordia». Han spelte også fele i ein trio, saman med frisør Sand som spelte fløyte og baker Johansen som spelte piano. Dei var veldig populære og spelte på mange dansefestar og i mange bryllup.

I tillegg til Follofeler spelar klokkenist Laura Marie Rueslåtten begge springdansane på klokkespelet i Oslo Rådhus.

Om dansen: Det har ikkje vore ein levande tradisjon å danse denne springdansen på mange år, men då Bygda Dansar kom til Akershus (Akersarv 2014-2017) vart dansen teke opp att. Arkivopptak viser at det fantes forskjellige springdansvariantar rundt om i Akershus. Denne forma er etter filmopptak av eit gamalt dansepar frå Ski i Follo som professor Egil Bakka tok opp i 1987.
Springdans frå Akershus, i tradisjon frå Ski, er ein enkel bygdedansform som består av tre delar:

  1. Fyrst eit innleiande promenademotiv

  2. Så ein roleg totaktsnu (i valseform)

  3. Og til slutt ein raskare eintaktsnu, eller rundsnu, som utgjer størstedelen av dansen.

Dansen dansast i to ulike rytmenyansar: Både i jamn tredelt takt og i det som kallast asymmetrisk tredelt takt, eller såkalla «kort treer». Det finnest kjelder, både skriftlege og munnlege, som stadfester at begge har vore brukt i Akershus og Østfold.

Regi: Halldis Folkedal 
Foto: Jørn Nyseth Ranum 
B-foto: Lukasz Zamaro 
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard
Musikkpedagog: Marianne Tomasgård og Elisabet Olhans
Musikkansvarleg: Akershus og Østfold musikkråd
Filmstad: Den Norske Opera og Ballett & utanfor Oslo Rådhus, borggården

Kjelde: Østfold musikkråd og Follominne nr. 22, Årbok, Follo historie og museumslag, 1984. 

Filmen er støtta av: LNU - Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner og BLS - Bygdelagssamskipnaden i Oslo. Prosjektet er eit samarbeid med Småleik (www.småleik.no).