Har vel du sett

 
 

Har du høyrt om ein syklande, elegant elefant?Om du ikkje har det så passar det bra med denne songleiken! I denne filmen viser elevar på Aspåsen skole deg songleiken om nettopp slike elefantar. 

Songleikar  vert rekna som ein av 6 hovudfamiliar innanfor folkedansen. Dette er, som namnet tilseier, leikar der me syng til og ofte gjer danseliknande rørsler. Noreg har ei rekkje folkelege songleikar i både nyare og eldre tradisjon. Det var særleg på 1900-talet at det vaks fram ei ny interesse for songleikar i dei nordiske landa. Mange av songleikane har nettopp ein klar fellesnordisk profil, særleg ser ein det i språket som vert bruka. 

Prosjektleiar og regi: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag
Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum
Pedagog Bodø: Anette  Figenshou
B-fotograf: Nils Eilif Bremdal
Klipp: Anders Øvergaard