Damn på dansen: Kørsdans frå Grue Finnskog
Dansefamilie: Turdans
Musikk: Kørsdans frå Grue Finnskog, etter Klara Semb (song)
Kjelde: “Norske folkedansar: turdansar”, Klara Semb, 1991, side 114. Sjå nedteikinga digitalt på nasjonalbiblioteket.no.
Dansarar: Elena Bjørnstadhaugen, Hanne Kjøk, Iselin Anna Aukrust og Synne Kjøk.
Musikarar: Semon Harerusten, Janne Kristin Urkegjerde og Vegar Vårdal

Dansarane og musikarane på filmen er frå landslina i folkemusikk og folkedans ved Vinstra vidaregåande skule.

Om dansen: Kørsdans frå Grue Finnskog er ein turdans og du kan danse anten åleine eller saman i eitt eller to par. I følge kjelda skal ein danse over eit kryss, t.d. to pinnar som ligg i kryss ,og dansarane skal stille seg opp i kvar si rute i krysset. Det går også an å danse utan krysset, slik dansarane gjer på filmen.

Det viktigaste i dansen er steget, der ein kryssar fyrst over med høgre fot, hoppar og deretter kryssar over med venstre fot, som ein så vidt rører golvet med.

Regissør og pedagog: Vegar Vårdal
Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum
Produsent: Noregs Ungdomslag
Innspelingsstad: Rudi Gard (Sør-Fron)
Innspelingsdato:15.mai 2023
Samarbeidspartnar: Vinstra vidaregåande skole v/ Landslina for folkemusikk

Filmen er støtta av Innlandet fylkeskommune og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff).

 

© Noregs Ungdomslag 2023