Grautmarsj

 

I bryllaupet var bruremarsjen eller brureslåtten brukt for å markera åretakene i brurebåten eller for å gje ei takt når brurefylgjet var på veg til kyrkja. Nokre plassar i landet vart marsjane under matserveringa kalla grautmarsj. Her kjem ein grautmarsj som vi går ein liten marsj til. 

Dansarane er frå Eidsvåg barne- og ungdomsskole i Nesset kommune.

Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai S. Caspari
Lærar: Sigrid Skjølsvik
Dansepedagog: Anna Gjendem

Song: Bruramarsj frå Todalen. Songtekst er skriven av Bernt Bøe.

Filmane er støtta av: Møre og Romsdal fylkeskommune, Møre og Romsdal folkemusikklag, Sunnmøre Frilynde Ungdomslag, Nordmøre og Romsdal Ungdomslag, Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og RFF - Rådet for folkemusikk og folkedans.