Vi skal danse over berg og bakka

 

Har du dansa over berg og bakka? Har du dansa så mykje at du har slite ut både sko og sokka? Her kjem ein song elevane ved Eidsvåg barne og ungdomsskule saman med Sigrid Skjølsvik har laga ein eigen dansemåte til. 

Tekst: 
Vi skal danse over berg og bakka, 
Slite ut både sko og sokka

Hei hopp min søte sokkertopp
Vi skal danse te sola stiger opp

Hei hopp min skjønne
Vi ska danse i det grønne.


Kjelde: Denne songen har vi etter Kari Dyrnes og Asbjørg Ås Bakk som kom frå Mjosundet. Den finn du i boka ”Enno Så Segla Ho Magnill" utgjeve av Nordmøre Mållag.
Dansemåte etter Sigrid Skjølsvik.

Dansarane er frå Eidsvåg barne- og ungdomsskole i Nesset kommune.

Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai S. Caspari
Lærar: Sigrid Skjølsvik
Dansepedagog: Anna Gjendem

Filmane er støtta av: Møre og Romsdal fylkeskommune, Møre og Romsdal folkemusikklag, Sunnmøre Frilynde Ungdomslag, Nordmøre og Romsdal Ungdomslag, Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og RFF - Rådet for folkemusikk og folkedans.