Dobbel reinlender

 
 

dobbel reinlender

Reinlender er ein velkjend dans for mange. I dobbel reinlender dansar me fire og fire saman, det går óg an å dansa tre og tre. Dette er ein fin måte å dansa reinlender på i starten sidan ei slepp å dansa rundsnu rundt. Dette er ein dans i opplæringstradisjon, dvs at det eigentleg ikkje er ein tradisjonell dans.

I denne videoen har me valt ut fem motiv som du kan variera dansen med. Men kanskje du finn nye måtar å dansa dansen på?

Andre namn på dobbel reinlender kan til dømes vera bilreinlender. Då kan ein tenkja seg at dei fire til saman er ein bil som manøvrerar seg i dansebana. Dette kan óg vera ein fin måte å læra at det ikkje er vanleg å dansa forbi kvarandre/køyra forbi kvarandre i køyrebana. Og at dansepara må stoppa/ tilpassa seg slik at dei ikkje kræsjar med dei framfor seg. 

Takk til dansarar og instruktørar frå Hellesylt Ungdomslag og Sykkylven Ungdomslag!

Produsent, pedagog og regi: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag

Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum

Pedagog og regi: Anna Liv S. Gjendem

B-fotografar: Lukasz Zamaro og Nils Eilif Bremdal

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp:  Nicolai C. Stigar

Filmen er produsert i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal ved Anna Gjendem.

MOTIV frå filmen: