Namn på dansen: Springleik frå Lom
Dansefamilie: Bygdedans, springleik
Område: Lom i Innlandet fylke
Musikk: Melovitten, springleik etter Jakup Skogum, i form etter Vegar Vårdal
Musikar: Vegar Vårdal (fele)
Kjelde: Slik dansen blir lært bort i Lom i dag
Dansarane: Hanne og Synne Kjøk frå Landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule
Om dansen: Springleik er ein form for bygdedans som går i tretakt. Det finnast fleire variantar av springleiken i Gudbrandsdalen. Dei har ein del likheitstrekk, men du vil òg kunne sjå variasjonar i form, motiv og sviktmønster. Denne springleiken blir dansa i Lom , nordvest i Innlandet fylke.
Regi og pedagog: Vegar Vårdal
Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum
Produsent: Noregs Ungdomslag
Lokale: Hunderfossen eventyrpark (Fåberg)
Innspelt: 16. mai 2023
Samarbeidspartnar: Vinstra vidaregåande skole v/ Landslina for folkemusikk
Filmen er støtta av Innlandet fylkeskommune og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff).
Her kan du sjå video av berre dansen:
© Noregs Ungdomslag 2023