Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Om Folkepedia

Formidling av folkedans for og med barn og unge

Sidan 2016 har Folkepedia produsert danseopplæringsfilmar innan folkedans med barn og ungdom frå heile landet. Godt over 100 dansefilmar ligg gratis tilgjengelig på denne sida, og fleire skal det bli.

Det er den frivillige organisasjonen Noregs Ungdomslag (NU) som står bak Folkepedia og som driftar og eig prosjektet. NU har lange tradisjonar med å laga undervisingsmateriale med folkedans gjennom bøker, filmar og instruksjonshefte og har no teke skrittet vidare med å formidle meir opplæringsmateriell via denne digitale ressursen.

Folkepedia er samansett av «folke» som viser til folkedans/folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. Dette er eit prosjekt for og med barn og ungdom.

Det langsiktige målet er å filme alle folkedansane vi har i Noreg slik at alle lærarar, skular, instruktørar, danselag, kulturskular og andre interesserte kan ta i bruk filmane og vidareføre dansane. Folkepedia skal vere ein nasjonal nettressurs for folkemusikk og folkedans som er tilgjengelige for alle å bruke. På sikt kan det også vera aktuelt å samarbeide med fleire større aktørar på feltet for å lage den store nettressursen vi ynskjer oss.

Folkepedia er eit verktøy med mål om å formidle, vidareføre og ta vare på den immaterielle kulturarven vår der vi ynskjer at så mange som mogleg skal ta i bruk filmane. Filmane er tilgjengelige for alle å bruke, men vi ynskjer særleg å nå ut til desse målgruppene:

  • du som har lyst til å danse folkedans
  • du som har lyst til å læra meir om folkedans
  • du som allereie dansar folkedans
  • du som underviser folkedans
  • du som er lærar eller lærarstudent