Namn på songen: Reven sat i sete
Type: Song
Kjelde: Etter Martha Seljeset Frøland, Hornindal/Sæbø
Songarane på filmen er frå Oline Løvlid si songgruppe i Hornindal spelemannslag.
Røven sat i sæte
haurde lambelæte.
Gråt ikkje du lisje lambe’ mitt.
Eg ska’ vise deg vegen heim att, te mor di.
Å nei, svara lambe’.
Eg tor’ ikkje me’ de gange,
du teke meg opponde bogjen,
bere meg på skogjen.
legge meg på ein liten stein,
gnaga’ uta’ mine bein.
Å, då lyte mora mi gråte.
Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
Fotoassistent: Kim Groustra
Klipp: Jørn Nyseth Ranum
Lokale: Ungdomshuset Ljosvang, Indre Hornindal
Pedagog: Oline Løvlid
Pedagog gjennom Folkemusikkarkivet i Viti: Anna Gjendem
Støttespelarar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Møre og Romsdal folkemusikklag, Sunnmøre Frilynde Ungdomslag, Nordmøre og Romsdal Ungdomslag, Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Sparebanken Møre.
Filmen vart spelt inn oktober 2021.