Hallingterning

 
 

Hallingterning

Hallingterning er ein leiken måte å læra seg motiv eller rørsler i ein dans på. I denne filmen har me valt ut 6 rørsler henta frå halling. Du kan sjølvsagt velja andre hallingrørsler eller rørsler frå andre dansar om du heller vil det. Frå folkedansen kan du til dømes ta utgangspunkt i motiv frå springar der du gjer motiva to og to over golvet, eller kanskje rilmotiv? Du kan òg ha ulike dansar på kvar terningside, td springar, polka, reinlender, ril, halling og parhalling.

Det er veldig populært om dei som er med på terningleiken får vera med og velja rørsler og trilla terning sjølve.

Musikken ligg ute her: https://soundcloud.com/sissyfus/sets/center-of-the-universe-vegar-vardal-folkepedia

Trill terning!

Takk til dansarar frå Norsk folkemuseums dansegruppe, BULder og brak/BUL Oslo og BUL Sarpsborg!

Produsent, terningmeister og regi: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag

Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum

Pedagog og regi: Trine Sjølyst

B-fotograf: Lukasz Zamaro 

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp:  Nicolai C. Stigar