Kruking

 

Kruking er eit veldig gamalt dansemotiv.  Det har mange namn, mellom anna spøting, hæling, danse på tjukkleggom, danse på haraleggen, danse halling og kruking.

Dette er kanskje det eldste dansemotivet me veit om her i landet. Kruking eller spøting er opp mot 2000 år gamalt. Dette motivet finst over store deler av verda og me finn noko som liknar på kruking på norske helleristingar. Me veit og at det på 1200-talet fantest personar som hadde ”krøkidans” i namnet sitt. 

Dansarane er frå Hugnad Ungdomslag på Torpo i Ål kommune.
Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Lukasz Zamaro
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Nicolai C. Stigar

Musikk: Sjur Borge

Instruktørar i Hugnad Ungdomslag: Martin Myhr og Gunnlaug Lien Myhr.

Filmane er støtta av LNU - Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner og RFF - Rådet for folkemusikk og folkedans.