- Bygdedans
- Springar
- Leikar
Danse-stiv heks
Danse-stiv heks er ein leik der vi brukar danserørsler som element i den kjende leiken stiv heks.
Antall dansere
Større grupper
Innspelingsstad
Bryggen, Bergen

Om dansen
Stiv heks er ein kjend leik bland barn og unge der det er om å gjere å unngå å bli "tatt". I danse-stiv heks bruker vi dans og musikk. I denne versjonen brukar vi motiv frå Springar frå Vestlandet, som måter å befri nokon frå. I tillegg bruker vi springar-musikk som alle dansar til gjennom heile leiken. Danse-stiv heks er ei god øving der de kan bruke den lokale tradisjonen og musikken dykkar for å lære inn ulike motiv i dansen gjennom leik.
Vi har også laga ein variant frå Bodø med nordlandspols som du kan sjå her.
Namn på dansen: Danse-stiv heks
Dansefamilie: Bygdedans, springar, leik
Område: Vestland fylke
Musikk: “Apalhaugen” etter Magne Kleiveland
Musikar: Ida Marie Rognsvåg, hardingfele
Kjelde: Slik dansen vert dansa i Bergen i dag
Dansarane: Dansarane på filmen er frå Bergen Ungdomslag Ervingen og Nordbygda Ungdomslag
Pedagogar: Inga Myhr, Gunn Inger Sture, Tora Fjeld, Nora Haugen Skulstad, Isa Haugen, Renate Nordvik
Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum
Produsent: Noregs Ungdomslag (2025)
