Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

1-2-3 raudt lys

1-2-3 raudt lys er ein leik der vi brukar danserørsler som element i den kjende leiken 1-2-3 raudt lys.

  • Tal dansarar

    8+ (Større grupper),

    ∞ (valfritt)

  • Målgruppe

    Barnehage

    Småskulen (1.–4. trinn)

    Mellomtrinnet (5.–7. trinn)

  • Tradisjonsområde

    Vestlandet

  • Innspelingsstad

    Bryggen, Bergen

Om dansen

1-2-3 raudt lys er ein kjend leik bland barn og unge der det er om å gjere å kome seg fyrst til mål utan at «dommaren» ser at du rører på deg. I denne versjonen av leiken bruker vi dans og musikk med ulike dansemotiv som måte bevege seg framover på. I tillegg er det her musikaren som er sjef og styrer når dansarane kan bevege seg, når dei må stå stille og som bedømmer om nokon ikkje har klart å stå i frys og difor må gå attende til start. Det er også mogleg å bruke innspelt musikk og at det er du som styrer musikken som er «dommaren». Vel dei danserørslene de ynskjer å bruke, til dømes snurre, gå, springe, baklengs osb.

Kjelder
Dette er slik leiken vert brukt i Bergen i dag.
Musikk
Storreguten etter Finn Vabø
Musikarar
Ida Marie Rognsvåg (hardingfele)
Dansarar
Dansarane på filmen er frå Bergen ungdomslag Ervingen og Nordbygda Ungdomslag
Pedagogar
Inga Myhr,Gunn Inger Sture,Tora Fjeld,Nora Haugen Skulstad,Isa Haugen,Renate Nordvik
Foto
Jørn Nyseth Ranum
Produsentar
Noregs Ungdomslag

Fleire videoar

Sjå alle
Folkepedia: 1-2-3 raudt lys | Folkepedia