- Bygdedans
- Leikar
Nordlandspols + stiv heks = sant
I denne filmen kan du sjå korleis du kan lage din eigen variant av leiken Stiv heks ved å bruke motiv frå Nordlandspols. Du kan fint bruke motiv frå andre dansar viss du heller vil det.
Antall dansere
∞ (valfritt)
Målgruppe
Barneskule
Nybyrjar
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Innspelingsstad
Keiservarden, Bodø

Om dansen
Nordlandspols høyrer til dansefamilien som heiter bygdedans og det er dei eldste dansane me har her i landet. Nordlandspols er kjenneteikna av full fart og moro!
For å gjera denne enklare i innlæringsfasen har me valt ut tre motiv som kan brukast i danseleiken stiv heks. Om det er vanskeleg å forstå stega i polsen, så kan du bruka berre springsteg.
Du kan også lage din eigen lokale vri med motiv frå andre dansar.
Namn på dansen: Nordlandspols + stiv heks = sant
Dansefamilie: Bygdedans
Område: Nordland
Musikk: Polsdans frå Lofoten, nedteikna av Leiv Valberg
Musikar: Julie Alapnes (fele)
Dansarane: Ungdom frå Ungdomsringen Salten og BUL Bodø
Prosjektleiar, regi og pedagog: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag
Pedagogar Bodø: Anette Johansen og Siri Strige
Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum
B-fotograf: Nils Eilif Bremdal
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)




