Hallingkoreografi 

 

Dans: Hallingkoreografi, laga av Halldis Folkedal
Musikk: Mestertyven Arve Brakars halling

Dansarane på filmen er frå Barnelaget i Oslo og BULder og brak frå Leikarringen i BUL Oslo. I tillegg er det fleire dansarar med som ikkje har tilknytning til desse laga som er frå Oslo-området.

Musikarane på filmen er frå Unge folkemusikere i Oslo (UFO) og Oslo Kulturskule. UFO er tilknytt Laget for folkemusikk og har både felespelarar og songarar.

Om musikken: Det går mange historiar om Mestertyven Arve Brakar, eller Arne Svendsen Lindal, (1751-1820) som han eigentleg heitte. Han var fødd på Lindal under Gangnes i søndre Høland i Aurskog-Høland kommune og var leiar for ein stor tjuvebande som herja rundt på bygdene i heile austlandsområdet, og i Sverige og Danmark med. Det vert fortalt at han var ein kunstnar på fela, ein god forteljar og fremragande dansemeister. Han og følget hans vart fanga gong på gong og kasta i kasjotten, både på Akershus festning og på Kronborg slott i Danmark. Men Arve var både smidig og lur og greidde nesten alltid å rømme.  Han hadde ein kompanjong som heitte Malicer-Knut, som også var ein dyktig felespelar. Nokre av slåttane dei spelte lever vidare gjennom notenedteikningane til L. M. Lindeman og Anders Heyerdahl. Slåttestevet «Ittno til stue, lite til mat» som de høyrer på filmopptaket skal Arve Brakar ha sunge då han «en Tid holdt til under Hæmnesbrioen i Høland». Brua står på akkurat same staden i dag, godt over 200 år sidan den gong Arve kanskje gøymde seg der for lensmannen.

«Arve Brakar var en velvaksen mann med ytterst smidige lemmer, som gjorde det lett for ham å få jernene av seg. Som flere stortjuver stal han fra de rike og ga til de fattige. Men han satt i arrest i Kristiania gjorde han stor lykke hos publikum, hadde ofte besøk og fikk stadig småting som ble sendt ham i kremmerhus av bankosedler. Når Kristianias fornemme folk holdt ball på rådhuset over arresten hans, hentet de ham stundom opp for at han skulle danse halling for selskapet», (Alnæs, J. J.)

Originalteksten til slåttestevet:
«Intno til Stue, lite til Mat og intno til Vægger og lite til Tak, men her vil eg bygge en Tatergar´, ja her vil eg bygge en Tatergar´».

her kan du laste ned nota til Mestertyven Arve Brakars halling (trykk på namnet for å laste ned):

Her kan du laste ned lydopptaket til Mestertyven Arve Brakars halling:

Det er også mogleg å bruke anna hallingmusikk, t.d. kan du teste ut nokre av dei låtane som du finn i spelelista “Folkepedia: Halling”.

Om dansen: Dette er ein hallingkoreografi som er nylaga av Halldis Folkedal. Koreografien er laga til bruk mellom anna på det nye stemnet for born og ungdom kalla Småleik. Det er mange ulike motiv der nokre vert repetert. Ein del av motiva er fast bestemt medan nokre gir rom for fridans, improvisasjon og variasjon.

Her kan du laste ned dansebeskrivinga:



Regi og koreograf: Halldis Folkedal 
Foto: Jørn Nyseth Ranum 
B-foto: Lukasz Zamaro 
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard
Dansepedagog: Sunniva Sofie Christensen
Musikkpedagog: Marianne Tomasgård og Mari Skeie Ljones
Musikkansvarleg: Akershus musikkråd og Østfold musikkråd
Filmstad: Oslo Rådhus

Filmen er støtta av: LNU - Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner og BLS - Bygdelagssamskipnaden i Oslo. Prosjektet er eit samarbeid med Småleik (www.småleik.no).

Kjelder musikk:
Spelemenner, Richard Berge, Norges musikkhistorie I, Kristiania 1921 (135-171).
Norske Danse og Slaatter for Violin optegnede efter gamle Spillemænd fra 1856 til 1861, Anders Heyerdahl, (Oluf By’s Musikforlag, Kristiania).
Norske sagn etter forskjellige kilder, Jan Jørgen Alnæs, (Cammermeyers boghandel, Gustav E. Raabe 1947)
(Om musikken er skrive av Marianne Tomasgård, Akershus musikkråd 2019).