Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Songdans

Rakkelvisa / Lykjyl'n fær fjøsa

I denne visa får du vere med inn i fjøset, der kalvane dansar, presten les og klokkaren syng.

  • Antall dansere

    8+ (Større grupper)

  • Målgruppe

    Barneskule

    Ungdomsskule

    Vidaregåande skule

    Nybyrjar

    Erfaren

  • Tematikk

    Dyr

  • Innspelingsstad

    Eidsvåg, Romsdal

Fire unge dansarar i ring og ein spelemann. Solnedgang bak fjella på andre siden av fjorden i bakgrunnen.

Om dansen

I denne visa får du vere med inn i fjøset, der kalvane dansar, presten les og klokkaren syng. Dansemåten er inspirert av Polsdans frå Nordmøre.

Dansarane begynnar parvis på ring og dansar kvilesteg. Når dei kjem til "kalvan dæm dansa" tek para saman i krosstak som i Polsdans frå Nordmøre og bytar plass. Dei står så stille på ringen og syng siste linja. Songen blir gjerne sunget to-tre gonger etterkvarandre. Merk at dette då blir ein bytedans, og alle får ny partnar for kvar gong.

Teksten

Lykjyl'n fær fjøsa, kom att med jøsa
Kalva ei ku, grisa ei su
Kjea ei geit, bokkjen skeit
Presten las, klokkarn song
kalvan dæm dansa, rompa ho slong
Hei, for ein vakker fjøssong!

I originalsongen syng ein "julsong" i staden for "fjøssong" i siste linja.

Ordforklaringar:
Lykjyl'n = nøkkel
Jøsa = lyset
Su = purke

Namn på dansen: Rakkelvisa eller Lykjyl'n fær fjøsa

Dansefamilie: Songdans

Område: Nordmøre

Kjelde: Songen blei i si tid skrive ned av folkemusikksamlaren O.M. Sandvik etter Marit Holten på Nordmøre.

Dansarane: Eidsvåg barne- og ungdomsskule

Lærar: Sigrid Skjølsvik

Dansepedagog: Anna Gjendem

Regi: Halldis Folkedal

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Roar Midtlien

Lyd: Olav Frisberg Larssen

Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai Caspari Stigar

Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)

Fleire videoar

Sjå alle