- Bygdedans
- Pols
Polsdans frå Nordmøre
Polsdans frå Nordmøre ein ein bygdedans som det både er enkelt å lære, og som kan gi utfordringar til dei som vil lære meir.
Antall dansere
2 (pardans)
Målgruppe
Barneskule
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Nybyrjar
Erfaren
Innspelingsstad
Eidsvåg, Romsdal

Om dansen
Polsdans frå Nordmøre er ein enkel bygdedans med tre delar:
- Vendingsdel
Paret vel mellom å danse motiv 1 (armar i kors og byte plass) eller motiv 2 (pannekake-snu, annakvar gong). - Lausdans
Når paret vil gå vidare i dansen så slepp dei kvarandre og dansar fritt rundt i rommet. - Rundsnu
Etter å ha dansa fritt nærmar dansarane seg igjen, den eine klappar i hendene for å invitere til å danse saman igjen – og den andre aksepterar invitasjonen ved å klappe i hendene. Paret dansar så rundt kvarandre.
Etter rundsnuen begynnar paret med vendingsdelen igjen.
Bygdedansen på Nordmøre gjekk stort sett ut av bruk tidleg på 1900-talet. Polsdansen frå Nordmøre bygger på kjelder frå Todalen, og det blei jobba med å rekonstruere dansen på 1960- og 70-talet. Dansen blei skrive ned i eit hefte av Olav Mogstad i 1977 og utgjeve av Nordmøre Ungdomslag.
Her kan du sjå dansen med berre eitt par:
Namn på dansen: Polsdans frå Nordmøre
Dansefamilie: Bygdedans, pols
Område: Nordmøre
Musikk: Polsdans frå Nordmøre av Onkelfolke – høyr ho på Spotify
Dansarane: Eidsvåg barne- og ungdomsskule
Lærar: Sigrid Skjølsvik
Dansepedagog: Anna Gjendem
Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai Caspari Stigar
Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)




