Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Polonese

Polonese er ein enkel marsj, der store grupper kan danse saman på rekke.

  • Tal dansarar

    8+ (Større grupper)

  • Målgruppe

    Småskulen (1.–4. trinn)

    Mellomtrinnet (5.–7. trinn)

    Ungdom/vaksne

  • Innspelingsstad

    Bygdelagshuset, Oslo

Denne videoen er ein del av undervisningsopplegget Danselyst som blei gjeve ut av Noregs Ungdomslag i 2007. Du kan lese meir om Danselyst her.

Polonese var tidlegare fast opning på ball, fest og i møte i mange organisasjonar. Det er ein dans der rekkjefølgja på dei ulike motiva ikkje speler nokon rolle. Det er det i rekka som veljer kva motiv ein skal danse. Det går også an å finne eller finne på fleire motiv enn kva som er vist i denne videoen.

Instruksjon

Oppstilling: Alle stiller opp

1) To og to på rekkje.
Alle går parvis etter kvarandre slik at dei dannar ei reje. Rekkja går om lag ein runde på golvet før dei svingar opp på midten av rommet.

2) Ein og ein, kvar sin veg.
Når første par kjem til enden av rommet, deler dei seg og går rundt og tilbake. Dei andre para gjer det same og følgjer etter.

3) Forbi kvarandre på innsida og utsida.
Når dei to rekkjene når nedste del av rommet, passerer heile rekkjene forbi kvarandre, slik at den eine rekkja () går inst i ringen og den andre () på utsida. Dei som dansa saman i starten helsar lett på kvarandre idet dei passerer kvarandre. Rekkjene held fram til dei møter kvarandre på nytt. Når dei no passerer kvarandre, bytar dei plass på kva rekkje som er på innsida og utsida av ringen. Dei helsar på dansepartnaren slik som før.

4) Kryss på midten.
Når fremste par når enden av rommet, snur dei seg mot midten av rommet og leier rekkjene mot midten. Når dansarane møtest på midten, skal dei krysse kvarandre slik at den eine () kryssar framfor guten. Dei andre para følgjer på og gjer det same. Rekkjene held fram til den øvste delen av rommet, rundar ned langs sida før dei snur seg på nytt mot midten. Her krysser dansarane kvarandre på same måte igjen.

5) Parvis - annankvar veg.
Når rekkjene møtest, tek dansepartnarane samantil par att, slik som i starten av dansen og går parvis på rekkje mot den øvre delen av rommet. Når dei kjem dit, går det første paret til eine sida og neste par til andre sida. Alla para held fram med dette, slik at para går annankvar gong til venstre og høgre. Dei rundar ned mot den nedste delen av rommet, der para møter eit par og tek saman til ei rekkje på fire og fire etter kvarandre.

Kjelder
Marsj/Polonese (Norske folkedansar: Turdansar, Semb 1991)
Musikk
Polonese (Spotify)Polonese (Apple Music)
Musikarar
Vegar Vårdal
Dansarar
Anders Saxhaug, Asbjørn Aarvik, Bjørn Carlin, Ina Cyrus, Inger Frøydis Bakken, Inger Varhaugvik, Marianne Dahl, Peder Varhaugvik, Steinar Hernes, Torill Schinstad, Victoria Carlin
Produsentar
Noregs Ungdomslag

Fleire videoar

Sjå alle
Polonese | Folkepedia