Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Danselyst

Danselyst er eit undervisningsopplegg utgjeve i 2007, og er retta mot lærarar i grunnskulen og andre instruktørar. Opplegget blei produsert med ein instruksjonsbok, ein DVD med dansefilmar og to CDar med song og musikk. Utgjevarar er Noregs Ungdomslag i samarbeid med Musikk i skulen.

Om utvalet

Boka inneheld 40 detaljerte danseskildringar, eit historisk oversyn over norske folkedans, oversikt over teminologi (ulike steg, tag osb.), metodiske tips og ei liste over bøker og organisasjonar der du kan få meir informasjon om norsk folkedans.

Dansane er ordna etter alder og delt inn i kapitler etter hovudtype. Utvalet er gjort for å vise dansar som er representative for dei ulike hovudgruppene innanfor norsk folkedans, utan at dei er for kompliserte å lære. Dansane er òg godt kjende i folkedansmiljøet, og eigner seg for barn og unge.

Foto av Danselyst-boka
To musikarar på fele

Produksjon

Musikken til Danselyst er samla frå ulike produksjonar som Noregs Ungdomslag har vore ansvarleg for, i tillegg til fleire nyinnspelingar. Vi har lagt vekt på å finne god dansemusikk, som eignar seg godt til pedagogisk bruk.

All songen på CD 2 er nyinnspelt for Danselyst, og er gjort av folkedansarar i Bergen ungdomslag Ervingen. Sidan dansarane alltid er i bevegelse, vil det høyrast mange trampelydar og at ulike personar kjem i fokus. Vi håpar likevel at eit slikt songbilete vil inspirere og gjere det enklare å lære seg songane. Nokre av songane skil seg litt frå notane, det er fordi notane er skrivne etter tradisjonskjelder og ikkje etter korleis vi syng songane i folkedansmiljøet i dag. Skilnaden er ikkje berre på tekstuttale, men òg på notehøgde og noteverdi. For oss syner dette ein song i levande tradisjon, og du som lærar får større valmoglegheit.

Songdansen og songleiken er spelt inn i Bergen, i Pytten sitt studio i Grieghallen 11.02.2005 og 0.12.2006. Teknikar var Stig Sandbakken og produsent Vegar Vårdal. Songarane var: Rigmor Nesheim Vaular, Stig Vaular, Berit H. Lappegård, Gro Vetås, Endre Kleiveland, Stig Indrebø, Ingunn Skjelvan, Sverre Mokleiv Sundvor, Berit Skeie, Aud Vetås, Ole B. Ekornes, Johanne Jeremiassen og Elin Slettbak.

Spor 1, 2, 3, 6, 7 og 16 på CD 1 og spor 17 på CD 2 er nyinnspelt materiale i samband med utgjevinga. Desse slåttene er spelt inn hos Skrekk og Skru i Oslo, med Henning Bortne som teknikar og Vegar Vårdal som produsent. Utøvarar var Patrik Andersson (hardingfele og fele) og Vegar Vårdal (hardingfele og fele).

Dei andre danseslåttane er henta frå serien Norske Turdansar som Noregs Ungdomslag har gjeve ut.

Båe CDane er mastra hos Strype Audio AS ved teknikar Audun Strype, mars 2007.

Dansarane på DVDen er Steinar Hernes, Vebjørn Bakken, Peder Varhaugvik, Asbjørn Aarvik, Mathias Fett, Ul-Arne Johannessen, Anders Saxhaug, Jan-Olof Johansson, Roy Sævik, Håvard Hage, Marit Jahnsen, Guro Hernes, Voctoria Carlin, Ina Cyrus, Stine Skoglund, Torill Schinstad, Carina Enger, Jarianne Johansen, Anette Johansen, Inger Frøydis Bakken, Inger Varhaugvik, Elisabeth S. Meyer, Marianne Dahl og Dag Stian Balterzen. Vegar Vårdal er spelmann.

Danselystboka

  1. Om Danselyst

    Forord

    «Danselyst» er laga av Noregs Ungdomslag (NU), ein av dei leiande organisasjonane innan folkedans og folkedansopplæring i Noreg. Folkedans er eit tema i læreplanane for fleire fag. Dette undervisningsopplegget skal gje lærarar eit verktøy til å bruka folkedans i skulen utan at ein treng så mykje forkunnskapar. Målet med opplegget er at alle elevar i norsk skule skal kjenne til ulike former for norsk folkedans, og ikkje minst kjenne danseglede!

    «Danselyst» er blitt til gjennom ein lang prosess som heile tida har blitt drive fram av Folkedansrådet i NU. Arbeidet har i alle hovudsak gått føre seg på frivillig basis og det er lagt ned enormt med dugnadstimar. Hovudansvaret for prosjektet har ligge hos Marianne Dahl og Vegar Vårdal (medlemmar av folkedansrådet) og Synnøve Jørgensen (folkedanskonsulent), men det er mange personar det må rettast ein takk til:

    • Gro Vetås, Guro Hernes, Torunn Hernes Bjerkem,Torunn Myhra og Johan Einar Bjerkem som har bidratt i skriveprosessen.
    • Vegar Vårdal som har vore produsent av CDar og som sjølv er utøvar på fele/hardingfele.
    • Utøvarar under DVD- og CD innspeling.
    • Sylva Markussen som har vore produsent av DVD-en.
    • Gunnlaug Lien Myhr, Egil Bakka, Berit E. Bjerkem, Leiknemnda i Troms Ungdomsfylking og Folke Flatland for lån av rettar til dansar.
    • Rådet for folkemusikk og folkedans som har støtta prosjektet økonomisk.
    • Alle innanfor og utanfor organisasjonen som har kome med gode råd og kommentarar på vegen.

    Vi håpar at du som brukar vil få stor glede av «Danselyst».