Åttetur frå Asker
Åttetur frå Asker er ein roleg og stilfull dans i valsetakt. Det er difor ein fordel om dansarane har vore gjennom vals før dei gir seg i kast med denne dansen.
Tal dansarar
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Mellomtrinnet (5.–7. trinn)
Ungdom/vaksne
Tradisjonsområde
Asker
Innspelingsstad
Bygdelagshuset, Oslo

Denne videoen er ein del av undervisningsopplegget Danselyst som blei gjeve ut av Noregs Ungdomslag i 2007. Du kan lese meir om Danselyst her.
Instruksjon
Oppstilling: . Alle held saman med .
Steg: og .
Ring medsold og motsols
Alle startar med høgre foten og dansar åtte engelsksteg i ring med sola, derett snur dei og dansar åtte engelsksteg i ring mot sola.
Kjede
Alle slepper taket og gir høgre handa til den dei dansar med. Så dansar ein med engelsksteg. Guten dansar medsols og jenta motsols i ringen. Dei dansar til nummer fem medrekna eigen partnar, tek høgre i høgre med denne og dansar medsols rundt kvartandre ein halv gong. Så dansar dei kjede tilbake, jenta motsols, guten medsols. Når ein møter sin eigen partnar stoppar dei framfor kvarandre utan å ta saman. Heile kjede skjer på til saman 16 engelsksteg.
Helsing
Gut og jente helsar på kvarandre. Guten legg armane i kross over brystkassa og bøyer seg lett for jenta. Jenta .
Vals
Para tek saman med og dansar vals. Ringen går motsols. På dei to siste taktane i musikken helsar gut og jente på kvarandre med .
Klara Semb skriv at «Denne dansen skal gå heller langsamt, og må dansast lett, stift og yndefullt.»
Ein kan nytte denne dansen i samband med temaet storgardar og overklassemiljø på 1800-talet. Kanskje kan elevane lage til 1800-talsball?
- Kjelder
- Åttetur frå Asker (Norske folkedansar : Turdansar)Klara Semb, etter lærar og kyrkjesongar Jørgen Næss (1843-1915)
- Musikk
- Åttetur frå Asker (Spotify)Åttetur frå Asker (Apple Music)
- Musikarar
- Vegar Vårdal
- Dansarar
- Anders Saxhaug, Asbjørn Aarvik, Bjørn Carlin, Ina Cyrus, Inger Frøydis Bakken, Inger Varhaugvik, Marianne Dahl, Peder Varhaugvik, Steinar Hernes, Torill Schinstad, Victoria Carlin
- Produsentar
- Noregs Ungdomslag




