Danselyst: Kvifor dans i skolen?
I Stortingsmeldinga 38: Den kulturelle skolesekken, blir det lagt vekt på at skulen både skal vere ein plass der ein møter kultur, men også der ein blir utfordra og inspirert til eigne kulturelle aktivitetar.

Dansen gir høve til estetiske opplevingar, skapande verksemd og forståing av rørslekvalitet. Dans er også ein praktisk dugleik, og øving i dans gir glede og tryggleik i å røre eigen kropp. Rørsle er ein naturleg og viktig del av samværet mellom barn og unge. Dansen gjer oss betre rusta til å delta i fysisk samspel med andre menneske. Arbeid med dans kan difor ha ei positiv innverknad på klassemiljøet. Elevane må forholde seg til kvarandre på ein annan måte, og det blir ofte mye latter og moro når ein driv med dans. Eit innslag av fysisk aktivitet kan og vere ein kjærkomen variasjon i undervisninga for mange. For mange vil kanskje dansetimane på skolen vere det første møte med dans, i alle fall norsk folkedans, og kanskje kan nokre elevar bli inspirert til å gå vidare med dans som aktivitetsform.
Den norske folkedansen er eit element i den norske kulturarven, og kan difor vere ein inngangsport til kunnskap om norsk samfunnsliv og historie. Mange av dei naturlege arenaene for folkedansen er borte, og dermed blir skolen kanskje den staden der norske barn kan få kjennskap til denne delen den norske kulturen.
Den norske folkedansen har ei sterk lokal forankring, noko som til dømes gjer seg utslag i dei mange lokale danseformene. Lokal forankring i kulturformidlinga er òg eit viktig prinsipp i ”Den kulturelle skulesekken”. Det vil gje danseopplæringa ei ekstra dimensjon dersom ein maktar å knytte ho til dei lokale tradisjonane som finst i området. Elevane kan få økt kjennskap til sitt lokalmiljø og kulturelle former som har utvikla seg der.
