- Runddans
- Leikar
Valsestolleiken
Dette er ein variant av den kanskje meir kjende musestolleiken. Her brukar me valserytmen som utgangspunkt for stolleik. Denne er fin for å øva seg på valserytme og for å arbeida med gruppedynamikk.
Antall dansere
To eller fleire
Målgruppe
Barnehage
Barneskule
Nybyrjar
Innspelingsstad
Bodø

Valsestolleiken er ikkje ein tradisjonell dans, men stolleiken kan vere ein fin måte å øve inn rytme og steg i ulike dansar på. I denne filmen brukar vi runddansen vals som rytme og utgangspunkt, men du kan fint bruke andre dansar også.
Stolleiken fungerer fint til innøving av reinlender, polka, masurka eller lokale bygdedansar. Stolleiken er også ein leik som ungar ofte kjenner til frå før, og som dei synst er moro!
Namn på dansen: Valsestolleiken
Dansefamilie: Runddans
Musikk: Folketonen, Hekla Stålstrenga
Dansarane: Ungdom frå Ungdomsringen Salten og BUL Bodø
Prosjektleiar, pedagog og regi: Halldis Folkedal
Pedagogar i Bodø: Anette Johansen og Siri Strige
Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum
B-fotograf: Nils Eilif Bremdal
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)
