- Runddans
- Vals
- Leikar
Valsesisten
Valsesisten er ein fin dans eller leik du kan bruke for å øve på å kjenne igjen taktslaga i musikken. Nokre kallar denne også for "elefant og sommarfugl" eller "troll og lemen". Kanskje du vil finne på eit eige namn?
Antall dansere
8+ (Større grupper),
∞ (valfritt)
Målgruppe
Nybyrjar
Barneskule
Ungdomsskule
Innspelingsstad
Aspåsen skole, Bodø

Her får du oppfylt draumen din om å vera både elefant og sommarfugl i valsesisten!
I valsesisten går elefanten på 1-aren i musikken, medan sommarfuglen får springa på alle slaga i musikken. Elefanten skal ta sommarfuglen.
Viss sommarfuglen blir tatt så blir den ein elefant.
I denne filmen brukar vi ein vals, men det går også an å bruke anna musikk enn vals til denne leiken. Føremålet er å bli kjent med takta i musikken, og om det er reinlender, polka eller din lokale bygdedanstradisjon du vil bruke, så kan du fint gjere det. Dette kan t.d. vere ei fin oppvarming i kroppsøving, ein leik du kan bruke for å bryte opp stillesitjande undervisning eller som pauseaktivitet på danseøving.
Namn på dansen: Valsesisten ("Elefant og sommarfugl")
Dansefamilie: Runddans, vals, leik
Musikk: Folketonen, Hekla Stålstrenga
Dansarane: Elevar ved Aspåsen skole i Bodø
Prosjektleiar og regi: Halldis Folkedal
Pedagog Bodø: Anette Johansen
Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum
B-fotograf: Nils Eilif Bremdal
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)




