- Turdans
Tullemarsj
Marsj, òg kjend som polonese, er ein dans som ofte er brukt for å begynne eit ball eller dansefest. Her ser du mange morosame turar du kan bruke!
Antall dansere
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Barneskule
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Nybyrjar
Erfaren
Innspelingsstad
Fiskå, Romsdal

Om dansen
Polonese og marsj er to dansar som ofte vert brukte om kvarandre. Dette er dansar der ein både kan kjenne seg som ballets kongar og dronningar, eller som tullete hoffnarrar.
Polonesen kom til Noreg på 1850-talet. Den har gått frå å vere ein polsk hoffdans (tenk Askepott) til balddansar i byane og på storgardane på Austlandet, og til uhøgtidlege marsjformar der me blandar saman alt som ere morosamt. Marsj blir ofte brukt for å begynne eit ball eller dansefest, eller for å få med eit publikum. Dansen er enkel å vere med på.
Namn på dansen: Marsj, polonese
Dansefamilie: Turdans
Område: Heile landet
Musikk: Til marsj og polonese er det mogleg å bruke ulike melodiar som går i 2/4 eller 4/4 takt, t.d. halling, polka eller marsj. Opphavleg blei polonese dansa til 3/4 polonesemusikk. I denne filmen brukar me MAAR si låt «Fannemelsvevet» som du kan høyre på Spotify.
Kjelde: Folkedansdråpar: Læremateriell for folkedans i grunnskulen, Grunndråpen (1995) av Egil Bakka, Brit Versland og Dag Vårdal
Dansarane: Fiskå Frilynde Ungdomslag
Dansepedagog: Anna Gjendem
Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai Caspari Stigar
Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)




