Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Songdans

Trollgubben Lurvelegg

Ein artig songdans om ein veldig rar trollgubbe som eter frukost på ein furustubbe.

  • Antall dansere

    8+ (Større grupper)

  • Målgruppe

    Barnehage

    Barneskule

    Nybyrjar

  • Tematikk

    Eventyr

  • Innspelingsstad

    Fiskå, Sunnmøre

Fire unge dansarar i ring og ein spelemann. Solnedgang bak fjella på andre siden av fjorden i bakgrunnen.

Om dansen

Dette er ein enkel songdans som eigner seg godt for barn, der du ikkje treng å danse i par.

Teksten er laga av Vidar Sandbeck, og det var Bjørg Foss som laga dansemåten når ho heldt barnekurs på Tau i Rogaland kring 1970. I samband med landsdelsstemna for barn på Tau i 1975 blei visa og dansemåten prenta i Norsk Ungdom (nr. 4) i ein meir dialektfarga språkdrakt under namnet Trøllgubben Lurvelegg. Teksten og prentinga blei godkjent av Vidar Sandbeck sjølv.

Verselinjene: Ring medsols med springsteg

Med et aue..: Inn i ringen
Tre huer..: Snu rundt åleine 1 gong
Fire bein: Klapp to gonger
Fem føter: Ta saman att og gå ut igjen på plass
Sju negler: Snu rundt åleine 1 gong
... gråsten: Klapp to gonger

Teksten

Han eter frukost på en furustubbe
og heter Lurvelegg og er en gubbe
med et aue
og to nasar
og tre huer
og fire ben
og fem føtter
og seks ører
og sju negler tå gråsten

Han sejer boblibubli når han takker
og han er måsågrodd og nokså vakker

Og han har spikerhår og barkehender
og skjegg på ryggen sin og grønne tenner

Nå har han gifte seg den fjerde mai
og fått e kjerring som han er så gla i

Namn på dansen: Trollgubben Lurvelegg, Trøllgubben Lurvelegg

Dansefamilie: Songdans

Kjelde: Norske folkedansar: songdansar, Klara Semb – trykk på lenka for original skildring av dansen

Dansarane: Fiskå Frilynde Ungdomslag

Dansepedagog: Anna Gjendem

Regi: Halldis Folkedal

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Roar Midtlien

Lyd: Olav Frisberg Larssen

Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai Caspari Stigar

Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)

Fleire videoar

Sjå alle