Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Turdans
  • Tretur

Tretur frå Hornindal

Tretur frå Hornindal er ein turdans som du dansar tre i lag.
Det er ein dans som er enkel i forma, noko som gjer at den er lett å lære og tilgjengeleg for dei fleste.

  • Antall dansere

    Tre

  • Målgruppe

    Nybyrjar

    Erfaren

    Barneskule

    Ungdomsskule

    Vidaregåande skule

  • Innspelingsstad

    Hellesylt

Denne dansen er fin når ein skal læra seg å gå i åttetal!
I tillegg er dansen enkel i forma noko som gjer den lett tilgjengeleg for dei fleste.

Skjematisk sett går dansen fyrst i ring på 16 gåsteg. Når musikken snur skal dansarane óg snu slik at dei går 16 gåsteg andre vegen. I åttetalet går ein 32 gåsteg.

Tips: Istadenfor å telja steg så er det enklare å forhalda seg til musikken. Når musikken skiftar så skiftar óg motiva i dansen.

Namn på dansen: Tretur frå Hornindal

Dansefamilie: Turdans

Område: Hornindal, Sogn og Fjordane

Musikk: Tretur frå Hornindal, Siri Dyvik, Finn Vabø, Arild Hoksnes, Vegar Vårdal - Norske Turdansar, turdansar frå Vestlandet

Dansarane: Barn og ungdom frå Hellesylt UL og Sykkylven fril. UL

Prosjektleiar, regi og pedagog: Halldis Folkedal

Pedagog og regi: Anna Liv Skjelten Gjendem

Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum

B-fotograf: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Nicolai C. Stigar

Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)

Tretur frå Hornindal, motiv 1:

Tretur frå Hornindal, motiv 2:

Fleire videoar

Sjå alle
  • Bygdedans
  • Springdans

Springdans frå Nordsinni