Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Turdans
  • Ril

Tretur frå Fana

Tretur frå Fana er ein turdans for tre personar som er enkel å lære, og moro å mestre.

  • Antall dansere

    3

  • Målgruppe

    Barneskule

    Ungdomsskule

    Vidaregåande skule

  • Innspelingsstad

    Romsås t-banestasjon, Oslo

Barn i hovudsakleg raude klede som dansar tretur frå Fana inne på Romsås t-banestasjon i Oslo.

Om dansen

Tretur frå Fana er ein enkel turdans for tre personar. Er det fleire oppsett à tre, så kan dei stille seg i ring eller firkant vendt mot kvarandre. Første del av dansen går oppsette fram og tilbake. I andre del av dansen "smetter" den midtre dansaren bakover og mellom armane til dei to andre, dreg dei med seg rundt slik at alle på eit eller anna vis har vendt rundt. Oppsettet avsluttar smettinga same stad som dei begynte.

Namn på dansen: Tretur frå Fana

Dansefamilie: Turdans, tretur

Område: Fana, Hordaland

Musikk: Ril frå Østfold etter Johannes Nielsen Schodsberg
I staden for den rilen som ofte vert brukt til Tretur frå Fana, ville me bruke noko som ikkje så mange har høyrt før. Difor valgte me ein ril frå noteboka frå Smaalenene, som Østfold heitte i gamle dagar. Johannes Nielsen Schodsberg var den som skreiv ned rilen, han var født i 1799.

Musikarar: Unge folkemusikarar i Oslo, Mari Skeie Ljones og Marianne Tomasgård

Kjelde: Norske folkedansar: turdansar, Klara Semb - trykk på lenka for original skildring av dansen

Dansarane: Barnelaget i Oslo

Pedagogar: Sunniva Sofie Christensen (dans), Mari Skeie Ljones og Marianne Tomasgård (musikk)

Musikkansvarleg: Akershus og Østfold Musikkråd

Regi: Halldis Folkedal

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2019)

Fleire videoar

Sjå alle