- Turdans
Tremannsril frå Aure
Tremannsril frå Aure på Nordmøre, er ein tretur i reinlendertakt.
Antall dansere
Tre
Målgruppe
Barneskule
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Erfaren
Innspelingsstad
Plassen, Molde

Om dansen
Tremannsril frå Aure er ein dans der ein dansar saman tre og tre. Dansen har tre motiv. I det første motivet dansar ein framover saman på reinlendersteg medan ein held saman i hendene. Andre motiv er kjede med armkrok, der ein hoppar rundt med armkrok to og to saman. Tredje og siste motiv er ein reinlendersnu, der dansaren i midten først dansar med den eine, så den andre dansepartnaren.
Dansen er relativt enkel å få til og kan vere ein fin måte å øve reinlender på. Tremannsril frå Aure passar for barn frå barneskulealder og oppover. Ungdom og vaksne kan også ha mykje glede av denne dansen.
Dansen er skildra i Egil Bakka si bok Danse, danse, lett ut på foten (1970), der han skriv at nedteikninga av dansen er gjort etter eit filmopptak med Daniel Brevik og Anna Torset frå Aure i 1968.
Namn på dansen: Tremannsril frå Aure
Dansefamilie: Turdans
Område: Aure, Nordmøre
Musikk: Isfjordingen, Britt Elise Skram - Intakt (2014)
Kjelde: Danse, danse lett utpå foten - Egil Bakka (1970)
Dansarane: Dansarane på filmen er frå Romsdalsmuseets Leikarring
Regi: Halldis Folkedal
Pedagogar: Anna Liv Skjelten Gjendem
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Lukasz Zamaro
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2017)




