Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Turdans
  • Ein-melodi-pardans

Treklappdans

Treklappdans, òg kjend som «Bamsefar» eller «Hæl og tå» er ein enkel pardans på ring som alle kan vere med på.

  • Antall dansere

    2 (pardans),

    ∞ (valfritt)

  • Målgruppe

    Barneskule

  • Innspelingsstad

    Tårstad, Evenes

To jenter klapper hendene mot kvarandre

Om dansen

Treklappdans er ein enkel pardans på ring som alle kan vere med på. Dansen er òg kjend som «Bamsefar» på grunn av melodien, eller som «Hæl og tå» på grunn av dansemåten.

Dansarane begynnar parvis på ring der den eine dansaren har ryggen inn mot midten av ringen, og den andre har ryggen utover.

  1. «Hæl og tå, og hæl og tå»
    Dansarane veksler mellom å sette ned hæl og tå i danseretninga
  2. «Så hopper vi til sida»
    Dansarane hopper fire steg i danseretninga
  3. «Hæl og tå, og hæl og tå»
    Dansarane gjer motiv 1 om att, men no den andre retninga (tilbake)
  4. «Så hopper vi tilbake»
    Dansarane hopper fire steg motsatt veg
  5. Tre klapp ganger fire
    Tre klapp med høgre hand, tre klapp med venstre hand, tre klapp med båe hender og tre klapp på eigne lår
  6. Armkrok
    8 hoppsteg rundt med høgre armkrok

Namn på dansen: Treklappdans, «Bamsefar», «Hæl og tå»

Dansefamilie: Turdans, einmelodipardans

Område: Heile landet

Musikk: Mikal Lundemo

Dansarane: Tårstad Leikarring

Instruktør: Birgitte Rørvik Bruun

Regi: Halldis Folkedal

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)

Fleire videoar

Sjå alle