- Songleik
Til seters
Ein enkel og fin songleik der ein ofte byter partnar.
Antall dansere
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Barneskule
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Innspelingsstad
Fiskå, Sunnmøre

Om dansen
Til seters er ein artig songleik og enkel bytedans som er kjend i heile landet. Du kan gjerne bruke den innimellom andre dansar slik at me får bytta litt på kven me dansar med. Gjennom heile dansen går me i takt med songen, som i ein marsj.
/: Til seters, til seters så synker sola ned :/
Para går marsj med sola etter kvarandre i ring.
Skyggene
Alle slepper partnar, og klapper i hendene medan dei som står ytst snur 1/2 gong rundt og går motsatt veg. Alternativ snur dei som står inst i ringen, slik som på filmen. Alle held framdrifta utan stopp.
så slår vi oss til ro
Til slutt snur ringane mot kvarandre, og alle har fått ny partnar. Om du ikkje finn ein partnar umiddelbart, så går du inn i midten av ringen og møtar ein annan som heller ikkje fann ein partnar.
Teksten
/: Til seters, til seters så synker sola ned. :/
Skyggene bliver så dunkle og lange,
fremad vi går med lystige sange.
En to, en to,
så slår vi oss til ro.
Namn på dansen: Til seters
Dansefamilie: Songleik
Kjelde: Dansen er kjend i store delar av landet og er nedskriven både i Søgne i Agder og i Lebesby i Finnmark.
Dansarane: Fiskå Frilynde Ungdomslag
Dansepedagog: Anna Gjendem
Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai Caspari Stigar
Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)




