- Turdans
- Leikar
Stjernepolka Bodø (forenkla)
I denne forenkla utgåva av stjernepolkaen går me på rekkjer, dansar fritt med galoppsteg og leikar ninja!
Antall dansere
∞ (valfritt)
Målgruppe
Barneskule
Nybyrjar
Innspelingsstad
Aspåsen skole, Bodø

Polka er ein dans i runddansfamilien og var saman med vals den mest populære selskapsdansen fram til 1900-talet. Det finst mange ulike polkavariantar.
I denne filmen dansar barna ein forenkla variant av Stjernepolka, ein turdansvariant av polka. I denne dansen leikar dansarane seg med å vere ninja og å danse fritt. Dette er eit godt eksempel på korleis ein kan bruke folkedans som ein del av ein aktivitet eller gjere om på dansane for å tilpasse dei alder eller gruppestorleik.
Stjernepolka er eigentleg ein folkedans frå Tjekkia (doudlebska polka) og Austerrike (sternpolka), og er blitt kjend i Noreg under namn som stjernepolka, doubleskapolka og tjekkisk polka.
I filmen nedanfor ser du heile dansen i eitt!
Namn på dansen: Stjernepolka (forenkla)
Dansefamilie: Turdans, danseleik
Musikk: Sila sand, Rasmus og verdens beste band - Puppan Te Pappa
Dansarane: Elevar ved Aspåsen skole i Bodø
Prosjektleiar, pedagog og regi: Halldis Folkedal
Koreografi og pedagog Bodø: Anette Johansen
Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum
B-fotograf: Nils Eilif Bremdal
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)




