- Songdans
Stigelin
Stigelin er ei riddervise som høyrer til mellomalderballadane våre. Enkel dansemåte, og fin måte å introdusere barna til dei gamle balladane våre.
Antall dansere
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Barneskule
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Nybyrjar
Erfaren
Tematikk
Folk
Innspelingsstad
Eidsvåg, Romsdal

Om dansen
Stigelin er ei riddervise som høyrer til mellomalderballadane. Her får du vera med inn i ei verd med dansande hjortar, marmorgolv og tallikar av gull. Sjølvsagt får riddaren Stigelin håret sitt krusa og kjemma av jomfrua sjølv.
Denne visa er kjend fleire stader i Sverige og Danmark – og på Nordmøre. Dansemåten er laga av Olav Mogstad med utgangspunkt i polsdansen på Nordmøre.
Dansarane står parvis på ring og dansar attersteg på verset, og når dei kjem til første del av omkvedet (Fadde-rallal-lalla) så dansar par rundt på polssteg. I andre halvdel av omkvedet tek dei saman att på ring og dansar vidare på attersteg. I filmen blir det vist ei forenkling der dansarane står stille på ringen i siste del av omkvedet, og begynnar på attersteg først når dei begynnar å synge neste vers.
Teksten
1) Å Stigelin tente på kongens gård,
Og jomfrua krusa og kjemma hass hår.
Fadde rallala la, fadde rallalal la,
Og jomfrua krusa og kjemma hass hår.
2) Å da vi nå kom te Stigelins port,
der spella ei hind og der dainsa æn hjort.
3) Å da vi nå kom te Stigelin inn,
fergylt va nå veggjin, ja rointen omkreng.
4) Å golvet det va nå tå marmorstæn,
og loftet det va nå tå kvitekvalsbæn.
5) Å bordet det va nå tå ækjerot,
og bordstoln hain va nå tå kvervilved gjord.
6) Å dukjen hain va nå tå selkjeoill,
og tallikain va nå tå pure goill.
7) Å Stigelin inn på bordet sprang,
og båe sølvkainnåinn hain hilt i si hainn.
8) Å Stigelin klappa på dynå blå:
Litl dråkja, litl dråkja ska sitta der på.
Namn på dansen: Stigelin
Dansefamilie: Songdans
Område: Nordmøre
Kjelde: Norske folkedansar: songdansar, Klara Semb – trykk på lenka for original skildring av dansen
Dansarane: Eidsvåg barne- og ungdomsskule
Lærar: Sigrid Skjølsvik
Dansepedagog: Anna Gjendem
Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai Caspari Stigar
Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)




