Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Springdans frå Nordsinni

Springdans frå Nordsinni er ein form for bygdedans som går i tretakt. Du dansar to og to i par og kan leike deg med eit sett med ulike turar. Dansen kan også forenklast for yngre/ferskare dansarar.

  • Tal dansarar

    2 (pardans)

  • Målgruppe

    Mellomtrinnet (5.–7. trinn)

    Ungdom/vaksne

  • Tradisjonsområde

    Nordsinni

  • Innspelingsstad

    Hunderfossen eventyrpark, Fåberg, Innlandet

Om dansen

Springdans frå Nordsinni er ein pardans som kjem frå eit dalføre i Nordre Land. Dansen er relativt enkel i form, med jamn tretakt og som grunnsteg. Byttomfotsteget vart ofte dansa slik at bakre fot ikkje passerer fremre fot på andre taktslag, men dette kan gjere det utfordrande å få framdrift i dansen. Det er mykje likt for førar og følgjar i dansen, der begge først har ein tur under armen, deretter ein pannekaketur, før samdans. Ein brukar og har først ei sakte vending motsols før ein dansar medsols anten sakte eller raskt.

Namn på dansen: Springdans frå Nordsinni

Dansefamilie: Bygdedans, springdans

Område: Nordre Land, i Innlandet fylke

Musikk: Springdans etter Omas Sandbæck, nedteikna av Gunnar Berge

Musikar: Vegar Vårdal (fele)

Kjelde: Opptak av Randi og Odd Øversveen som dansar på Jørn Hilme-stemnet 1985. Fotograf: Alix Cordray.

Dansarane: Hanne og Synne Kjøk frå Landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule

Regi og pedagog: Vegar Vårdal

Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum

Produsent: Noregs Ungdomslag (2023)

Her kan du sjå dansen i si heilheit utan instruksjon:

Fleire videoar

Sjå alle
Springdans frå Nordsinni | Folkepedia