- Bygdedans
- Springdans
Springdans frå Akershus
Springdans frå Akershus er ein form for bygdedans som går i tretakt. Du dansar to og to i par og kan leike deg med eit sett med ulike turar. Dansen kan du òg gjere enklare for yngre/ferskare dansarar.
Antall dansere
2 (pardans)
Målgruppe
Erfaren
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Innspelingsstad
Oslo sentrum

Om dansen
Det har ikkje vore ein levande tradisjon å danse denne springdansen på mange år, men då Bygda Dansar kom til Akershus (Akersarv 2014-2017) vart dansen teke opp att. Arkivopptak viser at det fantes forskjellige springdansvariantar rundt om i Akershus. Denne forma er etter filmopptak av eit gamalt dansepar frå Ski i Follo som professor Egil Bakka tok opp i 1987.
Springdans frå Akershus, i tradisjon frå Ski, er ein enkel bygdedansform som består av tre delar:
- Fyrst eit innleiande promenademotiv
- Så ein roleg totaktsnu (i valseform)
- Og til slutt ein raskare eintaktsnu, eller rundsnu, som utgjer størstedelen av dansen.
Dansen dansast i to ulike rytmenyansar: Både i jamn tredelt takt og i det som kallast asymmetrisk tredelt takt, eller såkalla «kort treer». Det finnest kjelder, både skriftlege og munnlege, som stadfester at begge har vore brukt i Akershus og Østfold. Paret held saman med ei form for samdanstak 2.
Namn på dansen: Springdans frå Akershus, i tradisjon frå Ski
Dansefamilie: Bygdedans, springdans
Område: Follo i Akershus
Musikk: (1) Springdans etter Ole Bjerke frå Våler i Østfold, nedskriven i 1881; (2) Springdans etter Axel Depuis. Depuis arbeidde på Ås stasjon for over 100 år sidan og spelte i orkesteret «Concordia». Han spelte òg i ein trio saman med frisør Sand (fløyte) og baker Johansen (piano). Dei var svært populære og spelte på mange dansefestar og brullaup.
Musikar: Follofeler (feler) og klokkenist Laura Marie Rueslåtten (klokkespel i Oslo Rådhus)
Kjelde: Østfold musikkråd og Follominne nr. 22, Årbok, Follo historie og museumslag, 1984.
Dansarane: Dansarane på filmen er frå Leikarringen i BUL Oslo. Desse er: Jon Bugge Mariussen, Frederick Brevig Jacobsen, Neri Bakkjen og Herborg Oma.
Regi: Halldis Folkedals
Musikkpedagog: Marianne Tomasgård og Elisabet Olhans
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Lukaz Zamaro
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2019)




