- Songleik
Søte lille Mette
Søte lille Mette er ein populær og artig songleik der me dansar på rekker.
Antall dansere
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Barneskule
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Innspelingsstad
Fiskå, Sunnmøre

Om dansen
Søte lille Mette er ein populær og mykje brukt songleik som er relativt ny i Noreg, og kom hit truleg på 1960-talet frå Danmark der den er kjend som «Stakkels lille Nellie».
Dansarane steller seg parvis på rekker: éi «Mette-rekke» og éi «boys-rekke».
Første vers: Mette-rekka spring i ei boge og opp att på plass.
Andre vers: Boys-rekka som spring i ei boge, og på "Come'an" vinker dei med høgre armen med ei stor rørsle.
Er rekkene lange, så syng dei verset om att til alle er tilbake på plass. Det gjer ingenting om dei då står på plass og syng ferdig verset før dei går vidare til andre eller tredje vers.
Tredje vers: Para tek saman med båe hender og set seg ned på huk og opp att ca. 8 gonger. Begynn på første "To".
Det er moro å auke tempoet etterkvart.
Teksten
- Hvor er vel den søte lille Mette? x3
Ut på den store grønne jordbæreng. - Come'an boys, henne må vi finne. x3
Ut på den store grønne jordbæreng - To og to skal vi ut og plukke jordbær. x3
Ut på den store grønne jordbæreng.
Namn på dansen: Søte lille Mette
Dansefamilie: Songleik
Dansarane: Fiskå Frilynde Ungdomslag
Dansepedagog: Anna Gjendem
Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai Caspari Stigar
Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)




