Skotsk ril (rekkeril)
Skotsk ril er ein rekkeril med opphav frå dei britiske øyene. Dansen er også kjend under andre namn, som Virginia ril, Engelsk rekkedans eller bananskrellaren.
Tal dansarar
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Småskulen (1.–4. trinn)
Mellomtrinnet (5.–7. trinn)
Ungdom/vaksne
Tradisjonsområde
Skottland
Innspelingsstad
Aspåsen skole, Bodø

Rilar og rekkerilar tilhøyrer dansefamilien turdansar. Det er dansar der ein dansar bestemte motiv i eit fast mønster tilpassa musikken. Rilane har gjerne eit litt høgt tempo, noko som betyr at dei ofte er veldig morosamme å danse.
Skotsk ril, også kjent som Virginia ril, Engelsk rekkedans eller "bananskrellaren" etter det eine motivet i dansen, er ein dans som bør vere lett å lære for dei fleste. Den passar for store grupper og kan difor vere veldig kjekk å bruke i skulen.
Denne dansen stammar frå dei britiske øyene. Rekkerilar var populære å danse på bygdedansar i England, men opphavet til rilane var både irsk og skotsk. Det finst fleire variasjonar av denne rekkerilen, men forma vi har filma er den mest brukte i Noreg.
Det høyrer ikkje til ein bestemt melodi til denne dansen. Du kan finne fleire forslag til musikk du kan danse ril til på vår speleliste på Spotify.
Namn på dansen: Skotskril (rekkeril), Virginia ril, Bananskrellaren
Dansefamilie: Turdans, ril
Musikk: Jokijenkka, Frigg - Keidas-Oasis-Oase
Dansarane: Elevar ved Aspåsen skole i Bodø
Prosjektleiar, pedagog og regi: Halldis Folkedal
Pedagog i Bodø: Anette Johansen
Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum
B-fotograf: Nils Eilif Bremdal
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)




