Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Turdans
  • Ril

Seksmannsril

Seksmannsril er ein rask og morosam dans for både store og små.

  • Antall dansere

    6 (tre par)

  • Målgruppe

    Barneskule

    Ungdomsskule

    Vidaregåande skule

  • Innspelingsstad

    Stryn

Om dansen

I seksmannsril dansar vi tre og tre par saman, altså seks personar i éin ring. Seksmannsrilen høyrer til ril-dansane som er ein type dansar som finst både i Skandinavia og på dei britiske øyane.

Seksmannsrilen høyrer til ei gruppe rilar som truleg utvikla seg i hovudstaden eller Austlandsområdet, men har blitt populær i heile landet. Akkurat denne dansen blei dokumentert av Klara Semb i Asker, og difor kallar me dansen for seksmannsril frå Asker.

Namn på dansen: Seksmannsril frå Asker

Dansefamilie: Turdans, ril

Kjelde: Norske folkedansar: turdansar, Klara Semb – trykk på lenka for original skildring av dansen

Musikk: Arne M. Sølvberg

Dansarane: Dansarane på filmen er frå Fjelli Ungdomslag

Regi: Halldis Folkedal

Instruktørar: Arne M. Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2017)

Fleire videoar

Sjå alle