- Song og musikk
Reven sat i sete
Dette er ei fin liten song som passar for alle.
Antall dansere
To eller fleire
Målgruppe
Barneskule
Barnehage
Tematikk
Dyr
Innspelingsstad
Ungdomshuset Ljosvang, Indre Hornindal

Om songen
Dette er ei fin og enkel song som passar til både stor og liten gruppe.
Teksten på songen er slik:
Røven sat i sæte
haurde lambelæte.
Gråt ikkje du lisje lambe’ mitt.
Eg ska’ vise deg vegen heim att, te mor di.
Å nei, svara lambe’.
Eg tor’ ikkje me’ de gange,
du teke meg opponde bogjen,
bere meg på skogjen.
legge meg på ein liten stein,
gnaga’ uta’ mine bein.
Å, då lyte mora mi gråte.
Namn på songen: Reven sat i sete
Type: Song
Område: Hornindal, Vestland fylke
Kjelde: Etter Martha Seljeset Frøland, Hornindal/Sæbø
Songarane: Songarane på filmen er frå Oline Løvlid si songgruppe i Hornindal.
Regi: Halldis Folkedal
Pedagog: Oline Løvlid
Pedagog gjennom Folkemusikkarkivet i Viti: Anna Gjendem
Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum
Fotoassistent: Kim Groustra
Produsent: Noregs Ungdomslag (2021)
