- Song og musikk
- Songleik
Reven, rotta og grisen
Dette er ein enkel songleik om ein rev, ei rotte og ein gris.
Antall dansere
∞ (valfritt),
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Barneskule
Barnehage
Tematikk
Dyr
Innspelingsstad
Ungdomshuset Ljosvang, Indre Hornindal

Om songen
Dette er ein songleik om tre dyr. Songleiken har nokre enkle rørsler som kan gjerast i ring eller berre på plassen der ein er. Songleiken kan gjerast med mange eller med få personar.
Teksten på songen er slik:
Det va´ reven og rotta og grisen,
som gjekk seg ein tur utpå isen.
Så kom der fram ein gammal mann,
med stav i hand og jaga dei på land.
Det va´ reven og rotta og grisen.
Namn på dansen: Reven, rotta og grisen
Dansefamilie: Songleik
Område: Hornindal, Vestland fylke
Kjelde: Slik Oline Løvlid lærer den bort i dag
Songarane: Songarane på filmen er frå Oline Løvlid si songgruppe i Hornindal.
Regi: Halldis Folkedal
Pedagog: Oline Løvlid
Pedagog gjennom Folkemusikkarkivet i Viti: Anna Gjendem
Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum
Fotoassistent: Kim Groustra
Produsent: Noregs Ungdomslag (2021)




