- Song og musikk
Puse-puse-katt
Dette er ei fin liten song som passar for alle.
- Antall dansere- To eller fleire 
- Målgruppe- Barneskule - Barnehage 
- Tematikk- Dyr 
- Innspelingsstad- Ungdomshuset Ljosvang, Indre Hornindal 

Om songen
Dette er ein song om ein katt som passar til både stor og liten gruppe.
Teksten på songen er slik:
Puse-puse-katt, kor låg du i natt?
Utta i kova.
Ka gjorde du på dar?
Sleikte rjøme.
Mi sødeste mamma, skjul meg nedi spønene,
før når tausene kjem’ atte
so nippa’ dei meg og so nappa’ dei meg,
og so dåna’ no eg!
Sa katten.
Namn på songen: Puse-puse-katt
Type: Song
Område: Hornindal, Vestland fylke
Kjelde: Slik Oline Løvlid lærer den bort i dag
Songarane: Songarane på filmen er frå Oline Løvlid si songgruppe i Hornindal.
Regi: Halldis Folkedal
Pedagog: Oline Løvlid
Pedagog gjennom Folkemusikkarkivet i Viti: Anna Gjendem
Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum
Fotoassistent: Kim Groustra
Produsent: Noregs Ungdomslag (2021)




