Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Bygdedans
  • Gokarstykkje og dugleiksdansar

Pjokkum

Pjokkum er ein type dugleiksdans der du viser at du har både spenst og veit å stokke beina rett.

  • Antall dansere

    1 (ein og ein)

  • Målgruppe

    Barneskule

    Ungdomsskule

    Vidaregåande skule

  • Innspelingsstad

    Tårstad, Evenes

Barn på rekke som hoppar og dansar

Om dansen

Pjokkum er ein type dugleiksdans der du viser at du har både spenst og veit å stokke beina rett. Du hoppar medan du samlar beina, krysser dei og hoppar ein halv gong rundt. Dansen går raskare og raskare heilt til det berre er éin som står igjen på beina.

Dansen har ein tilhøyrande song, og alle snur på "pei!".

Danse danse pjokkum pjokkum pjokkum
Danse danse pjokkum pjokkum pei!

Dansen har blitt brukt mange stader i landet, men den versjonen her er nedskriven i Sandsvær i Buskerud.

Namn på dansen: Pjokkum

Dansefamilie: Dugleiksdans

Område: Sandsvær i Buskerud

Musikk: Mikal Lundemo (notane finn du her)

Kjelde: Norske folkedansar: turdansar, Klara Semb - trykk på lenka for original skildring av dansen

Dansarane: Tårstad Leikarring

Instruktør: Birgitte Rørvik Bruun

Regi: Halldis Folkedal

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)

Fleire videoar

Sjå alle