- Songdans
Pisi og fuglen
Ei kort og fin vise om Pisi som hjelper fuglen. Eller?
Antall dansere
8+ (Større grupper),
∞ (valfritt)
Målgruppe
Barnehage
Barneskule
Ungdomsskule
Tematikk
Dyr
Innspelingsstad
Varden

Om dansen
Pisi og fuglen er ei folkevise frå Gudbrandsdalen. Dansarane står enkeltvis på ring.
Songen handlar om katta Pisi som ser ein fugl som fryser og tilbyr seg å hjelpe.
Teksten
Pisi sat og rodde seg
upp i solskinnsbakka,
fekk ho sjå ein liten fugel:
«Sit du der, du stakkar?
Hu, hu, fryser du,
kom og smett deg under vengjen min,
skal du få verma nebben din,
du stakkar, du stakkar.»
Namn på dansen: Pisi og fuglen
Dansefamilie: Songdans
Område: Gudbrandsdalen
Kjelde: Danse, danse dokka mi av Klara Semb
Musikk: Song
Dansarane: Dansarane på filmen er frå Romsdalsmuseets Leikarring
Regi: Halldis Folkedal
Pedagogar: Anna Liv Skjelten Gjendem
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Lukasz Zamaro
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2017)




